|
KVA ER BESST?
|
| Language: |
|
|
|
 |
|
Den BESSTe måten å bli kjent med Peak District – England sin fyrste Nasjonalpark, Hylte – Sverige si sørlegaste villmark og Fyresdal i Noreg - ”Vakrast i Telemark”
Alle tre regionane ligg i landlege områder med innslag av villmark. Du finn særeigne dyr - og planter, pittoreske landsbyar, vidstrakte skogar, flotte innsjøar, elvar og gjestfrie samfunn i grender, landsbyar og byar. Alt dette ventar på deg for at du skal få oppdage det.
Sjekk BESST sine verksemder og BESST sine tilbod og finn ut kva som er mogleg. Legg BESST webside til dine ‘Favorittar’ og tak kontakt.
|
 |
BESST FERIE
|
Prøv ein BESST- ferie med aktivitetar. Tak ein historisk tur i landskapet i Peak District, lær å bli botanist i Hylte, eller prøv fiskelykka i villmarka i Fyresdal.
Uansett kva for du bestemmer deg for kan du vera sikker på at du støttar lokale verksemder, miljøet og den lokale befolkninga med besøket ditt. |
|
|
|
Grill føtane dine etter fisketuren i Fyresdal |
 |
BESST – aktørar er verksamder er som tilbod overnattings- og spisestader, aktivitetar, lokal mat, gardsturisme, kunst og handverk m.m. Dei er knytt til det lokale omlandet (tilhøva) og tek omsyn til naturmiljøet. |
|
Møt og et fisken din i Hylte |
|
| Bare verksemder som tek omsyn og set fokus på natur og miljø, kvalitet og samarbeid med andre lokale verksemder kan bli ein BESST- aktør. BESST- gruppa er i stadig vekst så hald fram med å sjekke våre heimesider. |
 |
| KVA ER BESST? |
Sykkel og piknik i Peak District |
Det er bare det BESSTe! Vern gjennom bruk sikrar naturen og livsgrunnlaget for mindre verksemder innan turisme og lokal foredling.
BESST filosofien er at natur og miljø – landskapet, dyr - og planteliv, historie og tradisjonar i det området der folk bur og lever - leggast til grunn for auka vekst og betre fortjeneste for verksemdene.
Naturen rett utanfor stovedøra, pittoreske landsbyar er ein del av BESST- opplevingane så det løner seg å take vare på miljøet vårt.
Du kan lese meir om BESST i brosjyra vår.
Gjennom BESST skapast nye produkt og service som indirekte stimulerar til investeringar i verksemdene og gjer at den lokale økonomien får betre føresetnader til å take vare på dei spesielle kvalitetane i området. Derfor er BESST- logoen ein spiral med grøne blad. Desse illustrerar verksemder og miljø, som utviklar seg saman.
BESST er eit internasjonalt samarbeidsprosjekt organisert som ein del av EU sitt Interreg Program i nordsjøområdet. Partnarane som er med i prosjektet er: Fyresdal Kommune, Hylte Kommune i Sverige, Peak District National Park Authority og University of Derby i Storbritannia.
|